Smaragdsolfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 2.0

Smaragdsolfugl er ein liten sporvefugl i solfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Vest-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anthreptes rectirostris
Beskriven av
(Shaw, 1812)

Som vaksen veg fuglen rundt elleve gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, plantasjar, tropisk sumpskog og tørr tropisk grasmark. Smaragdsolfugl lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

smaragdsolfugl
Anthreptes rectirostris
Artsdatabanken-ID
184518

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg