Skjeggklokkefugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Skjeggklokkefugl er ein stor sporvefugl i kotingafamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Procnias averano
Beskriven av
(Hermann, 1783)

Vaksne hannar veg rundt 170 gram og hofuglane rundt 130 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Skjeggklokkefugl lever av frukt som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

skjeggklokkefugl
Procnias averano
Artsdatabanken-ID
180512

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg