Skauteband er i folkedrakttradisjon i Telemark kvart av to par band med ein trekanta, raudkanta og raudsauma skautebanddufse av svart ullstoff i bandendene. Skauteband blir brukt til jenteskaut.

I Hardanger er skauteband ei 30 centimeter lang og tre til fire centimeter brei remse i hardanger- eller holsaum. Den blir brukt til å binde over dei banda som held skautet på plass.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Aagot Noss: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark, 2003; Lad og krone, 1991; Klesskikk i Tinn, 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg