Savanneråke i Krugerparken i Sør-Afrika
Savanneråke i Krugerparken i Sør-Afrika
Savanneråke
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Savanneråke er ein stor råkefugl i råkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Coracias caudatus
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Vaksne hannar veg rundt 110 gram og hofuglane rundt 130 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, dyrkbar mark, tørr og fuktig tropisk skog, tørr tropisk buskmark og temperert grasmark. Savanneråke er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Reira blir bygd i hôlrom.

Savanneråke lever vanlegvis i rundt ni år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

savanneråke
Coracias caudatus
Artsdatabanken-ID
177917

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg