Sørtopptinamu er ein fugleart i tinamufamilien og har naturleg utbreiing i Argentina, Bolivia og Chile.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Eudromia elegans
- Beskriven av
- (Wetmore, 1921)
Som vaksen veg fuglen rundt 660 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, tørr savanne, tørr og høgtliggjande tropisk buskmark, og tørr og høgtliggjande tropisk grasmark. Sørtopptinamu lever i hovudsak av frø, virvellause dyr (invertebratar) og plantedelar som han finn på bakken.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt sju egg som blir ruga ut i løpet av ca. 20 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.