Rustvendehals
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 2.0

Rustvendehals er ein middels stor spettefugl i spettefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Jynx ruficollis
Beskriven av
Wagler, 1830

Som vaksen er fuglen ca. 19 cm lang og veg rundt 53 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, jordbruksland, urbane område, fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Rustvendehals lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

rustvendehals
Jynx ruficollis
Artsdatabanken-ID
178185

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg