Rusthalekolibri
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Rusthalekolibri er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Amazilia tzacatl
Beskriven av
(de la Llave, 1833)

Som vaksen veg fuglen rundt fem gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, jordbruksland, urbane område og mangroveskog. Rusthalekolibri lever av nektar som han finn i skogen, i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Rusthalekolibri lever vanlegvis i rundt sju år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

rusthalekolibri
Amazilia tzacatl
Artsdatabanken-ID
177547

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg