Rusthalejakamar
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Rusthalejakamar er ein liten spettefugl i jakamarfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Galbula ruficauda
Beskriven av
Cuvier, 1816

Som vaksen veg fuglen rundt 26 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, plantasjar, tørr og fuktig savanne, fuktig tropisk buskmark og ulike våtmarkshabitat. Rusthalejakamar lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 21 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

rusthalejakamar
Galbula ruficauda
Artsdatabanken-ID
177996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg