Revehauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Revehauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Australia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Erythrotriorchis radiatus
Beskriven av
(Latham, 1801)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 640 gram og hofuglane rundt 1,2 kilo.

Arten er knytt til temperert skog, fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Revehauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar, i skogen og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

revehauk
Erythrotriorchis radiatus
Artsdatabanken-ID
175354

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg