Plystreglente
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 2.0

Plystreglente er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Haliastur sphenurus
Beskriven av
(Vieillot, 1818)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 650 gram og hofuglane rundt 840 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr tropisk skog, tørr savanne, tørr tropisk buskmark, tørr tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat. Plystreglente lever i stor grad av åtsel som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 36 dagar.

Plystreglente lever vanlegvis i rundt elleve år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

plystreglente
Haliastur sphenurus
Artsdatabanken-ID
175362

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg