Parykkhokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Parykkhokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Penelope purpurascens
Beskriven av
Wagler, 1830

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang og veg rundt 2,1 kilo.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, og tropisk fjellskog. Parykkhokko er ein planteetar som lever av frukt og plantedelar som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 26 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

parykkhokko
Penelope purpurascens
Artsdatabanken-ID
174374

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg