Ornatskogørn er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Spizaetus ornatus
- Beskriven av
- (Daudin, 1800)
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt éin kilo og hofuglane rundt 1,4 kilo.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og tropisk fjellskog. Ornatskogørn lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.