Faktaboks

Henry Purcell
Uttale
pˈə:səl
Fødd
1659, City of Westminster, London
Død
21. november 1695, London
Levetidskommentar
Nøyaktig fødselsdato uviss, men i slutten av år 1658 eller innan november 1659.
Henry Purcell, cirka 1695
Henry Purcell, malt cirka 1695.
Av /National Portrait Gallery, London.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Henry Purcell var ein engelsk organist, cembalist og songar i barokkepoken. På sitt særeigne vis smelta han det heimlege tonespråket saman med nye musikalske impulsar frå kontinentet, noko som var med på å skape ei distinkt form for engelsk barokkmusikk. Til trass for si korte levetid, var han ein svært produktiv komponist som skreiv store mengder musikk for kyrkja, teateret og hoffet, så vel som vokal og instrumental kammermusikk. Han blir rekna for å vere ein av dei største komponistane på Dei britiske øyane.

Bakgrunn

Detaljane rundt oppveksten til Henry Purcell er til dels uklare, sjølv om det er sikkert at familien hans budde nær Westminster Abbey. England var på midten av 1600-talet prega av djupe politiske og sosiale kriser. Då Karl 1. som følge av den engelske borgarkrigen blei avretta i 1649, tok det strenge, puritanske regimet til Oliver Cromwell makta. Samveldetida fekk enorme konsekvensar for kulturlivet på grunn av dei mange forboda som blei innført mot blant anna musikk i kyrkjerommet, offentleg dans og teater. Mange musikarar knytte til kyrkjene og hoffet i London søkte seg ut av hovudstaden for å finne arbeid. Det puritanske regimet kollapsa til slutt i 1660, då Karl 2. etter årelang eksil blei beden tilbake til heimlandet og krona til ny konge.

Sannsynlegvis var Henry Purcell son av den eldre Henry Purcell og nevø av Thomas Purcell, som begge blei tilsette i hoffkapellet Chapel Royal då monarkiet blei restaurert. Både far og onkel var vesentlege i gjenoppbygginga musikklivet i London, som blei godt stødd av ein ambisiøs monark som særleg lèt seg inspirere av hoffet til Solkongen. Den yngre Henry sin veslebror Daniel Purcell (cirka 1664–1717) levde seinare også opp til å bli musikar og komponist. Ulykkene ramma både familien Purcell og London i tur og orden: i 1664 døydde den eldre Henry Purcell, i 1665 braut pesten ut og i 1666 brann store delar av London til grunne.

Frå korgut til vaksen musikar

Under verjemålet til Thomas blei Henry Purcell tatt opp som korgut i Chapel Royal seinast i 1669. Der fekk han først instruksjon av kormeister Henry Cooke (cirka 1616–1672) som, etter å ha tenestegjort under Karl 1. både som krigskaptein og musikar, var blitt tildelt den krevjande oppgåva med å sette saman eit nytt hoffkapell på Whitehall etter 11 års stille. Summen av ein turbulent barndom og iherdig musikkopplæring førte utvilsamt til ei snarleg musikalsk mogning. Særleg det ekspressive harmoniske språket hans, som foreinte vakre melodilinjer med ofte rike dissonansar, kromatikk og tverrstand, blei eit livslangt kjennemerke ved komposisjonane til Henry Purcell. Dette kjem tidleg til uttrykk hos den unge komponisten, som berre tretten år gammal skreiv si første utgåve av den svært fargerike motetten Thou knowest, Lord, the secrets of our hearts, moglegvis for gravferda til Henry Cooke.

Etter Cooke følgte to korte, men likefullt viktige år som elev av den nye kormeisteren Pelham Humrey (1647–1674), som etter eit opphald i Paris var sterkt påverka av dei musikalske nyvinningane på det franske hoffet, men også av den seinaste italienske vokalmusikken. Purcell gjekk til slutt i lære hos John Blow, som resulterte i eit livslangt vennskap og tett musikalsk samarbeid. Hos Blow lærte Purcell særleg den gamle, engelske renessansepolyfonien å kjenne, blant anna gjennom å studere og arrangere korverka til komponistar som Tallis, Byrd og Gibbons. Purcell handterte, i likskap med Blow, på meisterleg vis eit intrikat kontrapunkt kor dei horisontale linjene styrte det harmoniske forløpet.

Purcell sine evner blei tidleg sett høgt, for han blei i 1673 tildelt eit stipend frå hoffet, då han kom i stemmeskiftet og plassen hans i Chapel Royal dermed opphørte. Same år hadde han blitt assistent hos orgelbyggar John Hingeston. Då Matthew Locke (ein familievenn som med sine sceneverk hadde hatt stor påverknad på Purcell) døde i 1677, blei Purcell utnemnt til hoffkomponist. På usedvanleg vis valte John Blow i 1679 å gå av som organist i Westminster Abbey – ein raus gest som bana veg for den då tjue år gamle Purcell. I 1682 oppnådde han også ei stilling som organist i Chapel Royal.

Den britiske Orfeus

Purcell hadde ein særskilt givnad for å tonesette morsmålet sitt. Dette viser seg både i måten rytmikken i vokalmusikken hans betonar den engelske språkflyten, men også særleg gjennom korleis det rike tonespråket og ordmaleria hans fargelegg det emosjonelle innhaldet i teksten. Purcell skreiv hundrevis av verdslege monodiar og songar med generalbassakkompagnement for fleire stemmer, så vel som såkalla symphony songs med obligate melodiinstrument i tillegg. Han skreiv også i overkant av femti catches.

Mange av songane hans blei gitt ut hos forleggarane John og Henry Playford i ulike samlingar, med den posthumt utgitte samlinga Orpheus Britannicus som den mest omfattande. Songane varierer mykje i lengde og omfang, frå små strofiske viser til lange, frivole mad songs som er fylt av brå vendingar og stemningsskifte i ein gjennomkomponert stil. I Mad Bess, eit høgdepunkt i denne sjangeren, er det heile tolv taktskifte på under seksti takter. Eit anna eksempel er From Rosy Bowr’s frå Don Quixote, kor Purcell tonesett fem vidt ulike affektar som forfattaren Thomas d’Urfey føreskriv i ei scene.

Komposisjonar

Instrumentalmusikk

Purcell sitt kanskje største kammermusikalske verk skulle også bli det sannsynlegvis mest tilbakeskodande i både form og innhald, då han i 1680 fullførte han sine femten fantasiar for fleire gamber (eit consort). Med sin nærmast makelause polyfoni og likeleies frislupne harmoniar hørte desse stykka til ein sjanger som allereie på Purcell si tid hadde vore forelda i fleire tiår. Pavanane han skreiv innehar også den noko gammalmodige kvaliteten.

På den andre enden av tidsskalaen eksperimenterte Purcell også vidt med den nyare italienske triosonaten, og han tilrika denne forma med eit meir utvida tonespråk og innvikla kontrapunkt. Arbeidet resulterte i to bøker med triosonater: den første utgitt så tidleg som 1683, den andre posthumt i 1697. Suitene og overtyrane han skreiv for strykarar var på si side av fransk art. Cembaloverka til Purcell bygger også i stor grad på fransk stil, med utstrekt bruk av forskjellige formar for utskrivne akkordbrytningar (også kjent som style brisée). I tillegg til suiter og små, enkelståande dansesatsar, skreiv han også transkripsjonar av songar. Dei bevarte orgelverka er i hovudsak frie fantasistykke i engelsk stil, kalt voluntaries.

Scenemusikk

Purcell skreiv musikk til over femti dramatiske verk, kor dei fleste av produksjonane var teaterstykke som han skreiv scenemusikk og mindre utdrag med vokalmusikk til.

Dei mest omfangsrike sceneverka han tonesette, King Arthur (1691) og The Fairy-Queen (1692), var i seg sjølv ikkje reine operaer, men såkalla semi-operaer som inneheldt ei blanding talt og sungen dialog. Desse kombinerte det gamle, engelske maskespelet med eit spektakulært scenemaskineri og kor- og dansesatsar som var inspirert av fransk scenekunst, då særleg musikkdramaene til Lully.

Den einaste fullstendig gjennomsungne operaen han skreiv var Dido and Aeneas, som er eit langt meir kompakt verk.

Hyllingsmusikk

Odar og hyllingsmusikk i form av kantater, utgjorde ein vesentleg del av produksjonen til Purcell, særleg den tileigna kongefamilie og adel. Dei viktigaste merkedagane var nyttårsdagen, fødselsdagen til monarken og dagen hoffet hadde heimkomst til London etter sommarane (som gjerne blei tilbringa på eksempelvis Windsor slott).

Hyllingsmusikken til monarken hadde ein klar funksjon i propagandamaskineriet, og tekstane Purcell måtte tonesette var ikkje av nødvendigvis jamn kvalitet. Likevel, står eksempelvis fødselsdagsodane til Maria 2., slik som Now does the glorious day appear (1689) og Come, ye sons of art (1694) att som små meisterverk. I sistnemnte ode finst den kjente duetten Sound the trumpet, eit av dei mest kreative eksempla på korleis Purcell brukte ostinatformer til å komponere musikk.

Hyllingsmusikk på festdagen til St. Cecilia (22. november) blei også tradisjon i London på Purcell si tid, som sjølv komponerte blant andre Welcome all the pleasures (1683) og Hail! Bright Cecilia (1692) til ære for musikkens skytshelgen.

Kyrkjemusikk

Purcell komponerte over hundreogfemti kyrkjemusikalske verk i nær alle format som fanst på tida hans, frå monodiar meint for tilbeding i den private sfæren til store fleirkorige verk som tok i bruk heile kyrkjerommet. Anthems - motettar – utgjer kjernen av kyrkjemusikken han skreiv, særleg under Karl 2. Kormotettane hans gav den gamle renessansestilen ein ny drakt, med ein langt større harmonisk palett og eit friare kontrapunkt. Grovt sett kan desse korverka delast inn i verse anthems og whole anthems. I førstnemnte form alternerer satsen mellom ulike solistgrupper og tuttiparti, nokon gonger med omkved som bind saman seksjonane. Eit av dei vakraste eksempla i denne stilen er kanskje Blow up the trumpet in Zion – eit ganske tidleg verk. Whole anthems er på den andre sida gjennomkomponerte satsar med tett polyfoni og heilt likeverdige stemmer. Med dette utgangspunktet skreiv Purcell eit av sine mest emosjonelle stykke: Hear my prayer, O Lord, som hører til eit større, uferdig verk som kan ha vore tiltenkt gravferda til Karl 2.

Symphony anthems, kor komponisten tok i bruk større ritornell med instrumentalmusikk mellom korpartia, var ei nyvinning som Purcell også bidrog sterkt til å utvikle. Eit av dei mest nemneverdige verka i denne stilen er My heart is inditing, som blei skriven til kroningsmessa for Jakob 2. i 1685. Ironisk nok oppretta den nye, katolske kongen eit eige hoffkapell som nesten berre tilsette utanlandske musikarar, noko som sterkt reduserte Purcell sitt arbeid i det anglikanske Chapel Royal. Under det katolske styret begynte Purcell å konsentrere seg om nye utgivingar med geistlege songar hos Playford i serien Harmonia Sacra. Sjølv om det protestantiske styret vendte tilbake i 1689 med dobbeltmonarkiet under Maria 2. og Vilhelm 3., fekk ikkje Chapel Royal den same given. Likevel skulle Purcell komponere eit av dei viktigaste verka sine for Maria 2.: musikken til gravferda hennes i 1695, som også skulle klinge då Purcell blei gravlagt i Westminster Abbey seinare same år.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Burden, Michael, red.: The Purcell companion, 1995, isbn 0-571-16670-9
  • Holman, Peter: Henry Purcell, 1994, isbn 0-19-816341-x
  • King, Robert: Henry Purcell, 1994, isbn 0-500-01625-9
  • Westrup, J.A.: Purcell, 8th ed., 1980, isbn 0-19-816546-3
  • Wood, Bruce: Purcell: An Extraordinary life, 2009, isbn, 9781860962981
  • Zimmerman, Franklin B.: Henry Purcell, 1659-1695 : his life and times, 1967, isbn 0-333-00912-6

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg