Okerbrystspett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Okerbrystspett er ein middels stor spettefugl i spettefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og på det indiske subkontinentet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Dendrocopos macei
Beskriven av
(Vieillot, 1818)

Som vaksen er fuglen ca. 18 cm lang og veg rundt 45 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig og tørr tropisk skog, tropisk fjellskog, jordbruksland, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Okerbrystspett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

okerbrystspett
Dendrocopos macei
Artsdatabanken-ID
178322

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg