Mistelteintyrannulett er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Zimmerius parvus
Beskriven av
(Lawrence, 1862)

Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og jordbruksland.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mistelteintyrannulett
Zimmerius parvus
Artsdatabanken-ID
180042

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg