Mestistrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Mestistrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Turdus assimilis
Beskriven av
Cabanis, 1850

Som vaksen er fuglen ca. 23 cm lang og veg rundt 53 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr tropisk buskmark. Mestistrost lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 12 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mestistrost
Turdus assimilis
Artsdatabanken-ID
184219

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg