Matrikkelbøker er eit register over alle grunneigedommar, all festegrunn og anna som er registrert som eigne einingar hos tinglysingsstyresmaktene. I dag er alle matrikkelbøkene samla i den digitale Matrikkelen.

Forutan den offisielle registernemninga for einingane, skal registeret innehalde data om desse som er viktig for offentleg planlegging og administrasjon, for eksempel offisielle bygningsnummeret og adresser.

Opplysningar skal registrerast og formidlast på ein mest mogleg formålstenleg måte. Matrikkelen skal i tillegg til matrikkelboka bestå av eit matrikkelkart som er fullt integrert med annan informasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg