Maorirustand er ein stor andefugl i andefamilien og finst på New Zealand.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Tadorna variegata
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
- Framandartstatus i Noreg
- NK – Ingen kjent risiko
Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,7 kilo og hofuglane rundt 1,4 kilo.
Arten er knytt til mudder, temperert grasmark, ulike våtmarkshabitat og elvemunningar. Maorirustand lever av virvellause dyr (invertebratar) og plantedelar som han finn på bakken.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ni egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking.
Maorirustand lever vanlegvis i rundt elleve år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.