Libellefalk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 2.0

Libellefalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Oseania.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco severus
Beskriven av
Horsfield, 1821

Som vaksen er fuglen ca. 26 cm lang, hannfuglar veg rundt 180 gram og hofuglane rundt 220 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tørr tropisk grasmark, og fjellsider og knausar. Libellefalk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 25 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

libellefalk
Falco severus
Artsdatabanken-ID
178494

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg