Kronørn
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Kronørn er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Stephanoaetus coronatus
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen er fuglen ca. 90 cm lang og veg rundt 3,8 kilo.

Arten er knytt til plantasjar, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, tørr savanne, og elvar og bekker. Kronørn lever av små varmblodige dyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

Hekking skjer kvart andre år, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 49 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire månader etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fem til seks år.

Kronørn lever vanlegvis i rundt 17 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kronørn
Stephanoaetus coronatus
Artsdatabanken-ID
175226

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg