Kongeskjestork
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kongeskjestork er ein stor fugleart i ibisfamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Platalea regia
Beskriven av
Gould, 1838

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,9 kilo og hofuglane rundt 1,6 kilo.

Arten er knytt til beitelandskap, mangroveskog, ulike våtmarkshabitat og elvemunningar. Kongeskjestork lever av virvellause dyr (invertebratar) og fisk.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 24 dagar. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av tre til fire år.

Kongeskjestork lever vanlegvis i rundt 28 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kongeskjestork
Platalea regia
Artsdatabanken-ID
175129

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg