Kjøpslovvalgsloven er ein norsk lov som regulerer val av lov når sal av lausøyregjenstandar har tilknyting i fleire land samtidig. Lova har difor nær samanheng med kjøpslova og forbrukarkjøpslova.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om mellomfolkeleg-privatrettslege reglar for lausøyrekjøp
Kortnamn
kjøpslovvalgsloven
Forkorting
intprkjl
Tredd i kraft
01.09.1964
Lovdata-ID
NL/lov/1964-04-03-1

Ifølgje lova skal i utgangspunktet rettsreglane i det landet som er avtalt i kjøpsavtala brukast. Er det ikkje avtala kva land sine rettsreglar som skal brukast gjeld som hovudregel rettsreglane i landet der seljaren har si forretningsadresse.

Formålet med lova er å løyse spørsmålet om kva land sin lov som skal brukast når man kjøper varer på tvers av landegrenser. Lova har fått auka aktualitet dei seinere åra på grunn av økt handel på tvers av landegrenser som følgje av internetthandel.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg