Karmingumptanagar
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Karmingumptanagar er ein middels stor sporvefugl i tanagarfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ramphocelus dimidiatus
Beskriven av
Lafresnaye, 1837

Som vaksen veg fuglen rundt 28 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Karmingumptanagar lever i hovudsak av frukt, virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn i skogen og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. tolv dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

karmingumptanagar
Ramphocelus dimidiatus
Artsdatabanken-ID
184975

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg