Kanelkolibri
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Kanelkolibri er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Amazilia rutila
Beskriven av
(Delattre, 1843)

Vaksne hannar veg rundt fem gram og hofuglane rundt 3,4 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr og fuktig tropisk skog, urbane område, sterkt endra tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Kanelkolibri lever av nektar som han finn i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kanelkolibri
Amazilia rutila
Artsdatabanken-ID
177549

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg