Kanelbrysttanagar er ein middels stor sporvefugl i tanagarfamilien og har naturleg utbreiing i Argentina, Brasil og Paraguay.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Schistochlamys ruficapillus
- Beskriven av
- (Vieillot, 1817)
Som vaksen veg fuglen rundt 31 gram.
Arten er knytt til tørr savanne, tørr tropisk skog og tørr tropisk buskmark. Kanelbrysttanagar lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i skogen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.