Kamand
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Kamand er ein stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara og Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Sarkidiornis melanotos
Beskriven av
(Pennant, 1769)

Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang og veg rundt 1,9 kilo.

Arten er knytt til jordbruksland, vatna landområde, overfløymd tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat. Kamand lever i hovudsak av plantedelar, virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn i vassoverflata og på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag ti veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kamand
Sarkidiornis melanotos
Artsdatabanken-ID
174217

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg