Kalifasan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 2.0

Kalifasan er ein middels stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lophura leucomelanos
Beskriven av
(Vigors, 1831)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt éin kilo og hofuglane rundt 790 gram.

Arten er knytt til dyrkbar mark, fuktig tropisk skog og fuktig tropisk buskmark. Kalifasan lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt sju egg som blir ruga ut i løpet av ca. 25 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kalifasan
Lophura leucomelanos
Artsdatabanken-ID
174654

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg