Ein kagg er det same som ei(n) kagge, ei lita tønne, brukt til oppbevaring av drikkevarer eller til flytetønne på nøter.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt kaggr og kaggi ‘lita tønne, dunk’; også brukt som tilnamn på menn, truleg i tydinga ‘den tjukke’
Også kjend som

kagge

Kagg(e) er dessutan ein liten, lett båt som er spiss i begge endar, særleg brukt sjømilitært som lettbåt på torpedo- og ubåtar.

Kagg(e) er dessutan brukt i norske dialektar om noko som er stabla og tett samanpakka, særleg om høy.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg