Jungelhauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter erythropus
Beskriven av
(Hartlaub, 1855)

Som vaksen er fuglen ca. 24 cm lang, hannfuglar veg rundt 85 gram og hofuglane rundt 150 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog og tørr savanne. Jungelhauk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

jungelhauk
Accipiter erythropus
Artsdatabanken-ID
175329

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg