Jadeisfugl er ein middels stor råkefugl i isfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Midtausten, Oseania, Asia og Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Todiramphus chloris
Beskriven av
(Scopoli, 1786)

Vaksne hannar veg rundt 56 gram og hofuglane rundt 66 gram.

Arten er knytt til fleire ulike habitat, mellom anna mangroveskog, mudder, jordbruksland, urbane område, og tørr og fuktig tropisk skog. Jadeisfugl lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i vassoverflata.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Jadeisfugl lever vanlegvis i rundt ni år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

jadeisfugl
Todiramphus chloris
Artsdatabanken-ID
177846

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg