Indonesiafalk er ein rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Indonesia og Aust-Timor.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco moluccensis
Beskriven av
(Bonaparte, 1850)

Vaksne hannar veg rundt 220 gram og hofuglane rundt 350 gram.

Arten er knytt til dyrkbar mark, urbane område, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Indonesiafalk er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna små varmblodige dyr, virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

indonesiafalk
Falco moluccensis
Artsdatabanken-ID
178483

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg