Indiagribb
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Indiagribb er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sentral-Asia og på det indiske subkontinentet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gyps indicus
Beskriven av
(Scopoli, 1786)

Som vaksen er fuglen ca. 90 cm lang og veg rundt 5,7 kilo.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fjellsider og knausar, beitelandskap, urbane område, tørr tropisk skog og tørr savanne. Indiagribb lever av åtsel som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 50 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter fem til seks år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

indiagribb
Gyps indicus
Artsdatabanken-ID
175194

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg