Haukskogfalk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Haukskogfalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Micrastur ruficollis
Beskriven av
(Vieillot, 1817)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 160 gram og hofuglane rundt 200 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, plantasjar og tropisk fjellskog. Haukskogfalk lever av vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

haukskogfalk
Micrastur ruficollis
Artsdatabanken-ID
178443

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg