Hanerikse
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Hanerikse er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Asia, Mikronesia og Russland.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gallicrex cinerea
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1789)

Vaksne hannar veg rundt 490 gram og hofuglane rundt 300 gram.

Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat, beitelandskap og ulike menneskeskapte akvatiske habitat. Hanerikse lever i hovudsak av frø, virvellause dyr (invertebratar) og plantedelar som han finn på bakken og i vassoverflata.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 24 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

hanerikse
Gallicrex cinerea
Artsdatabanken-ID
175601

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg