Gulstrupeeremomela
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Gulstrupeeremomela er ein liten sporvefugl i grassongarfamilien og har naturleg utbreiing i Sørlege og Sentral-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Eremomela atricollis
Beskriven av
Barboza du Bocage, 1894

Vaksne hannar veg rundt elleve gram og hofuglane rundt ti gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog og tørr savanne. Gulstrupeeremomela lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gulstrupeeremomela
Eremomela atricollis
Artsdatabanken-ID
183207

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg