Guerrerohokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Guerrerohokko er ein middels stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Mexico.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ortalis poliocephala
Beskriven av
(Wagler, 1830)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 560 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, plantasjar og mangroveskog. Guerrerohokko er ein planteetar som i hovudsak lever av plantedelar, frukt og frø som han finn i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 24 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter eitt år.

Guerrerohokko lever vanlegvis i rundt fire år, men enkelte individ kan bli opptil ni år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

guerrerohokko
Ortalis poliocephala
Artsdatabanken-ID
174356

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg