Guatemalatyrannulett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Guatemalatyrannulett er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Zimmerius vilissimus
Beskriven av
(Sclater, PL & Salvin, 1859)

Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og jordbruksland. Guatemalatyrannulett lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

guatemalatyrannulett
Zimmerius vilissimus
Artsdatabanken-ID
180041

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg