Gråbrystprinia
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Gråbrystprinia er ein liten sporvefugl i grassongarfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prinia hodgsonii
Beskriven av
Blyth, 1844

Som vaksen veg fuglen rundt seks gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tropisk fjellskog og fuktig tropisk buskmark. Gråbrystprinia lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. ti dagar. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gråbrystprinia
Prinia hodgsonii
Artsdatabanken-ID
183175

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg