Flaggermusfalk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Flaggermusfalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco rufigularis
Beskriven av
Daudin, 1800

Som vaksen er fuglen ca. 26 cm lang, hannfuglar veg rundt 130 gram og hofuglane rundt 210 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, urbane område, sterkt endra tropisk skog og tørr savanne. Flaggermusfalk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

flaggermusfalk
Falco rufigularis
Artsdatabanken-ID
178501

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg