Fløytepotu
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Fløytepotu er ein fugleart i potufamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Nyctibius griseus
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1789)

Vaksne hannar veg rundt 200 gram og hofuglane rundt 170 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Fløytepotu er aktiv på natta når han jaktar på virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 32 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

fløytepotu
Nyctibius griseus
Artsdatabanken-ID
176970

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg