Bokstaven digamma i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven digamma i det greske alfabetet i ulike skrifttypar

Digamma er namnet på den forelda bokstaven Ϝ, ϝ i det greske alfabetet. Lydverdien i gamalgresk var [w]; den lyden falt seinare bort og bokstaven gjekk av bruk.

Faktaboks

Uttale
digˈamma
Etymologi
av gresk ‘dobbeltgamma’
Også kjend som

wau

Digamma har verdien 6 i det greske talsystemet, men som talsymbol brukar ein heller forma Ϛ, ϛ (kalla stigma). I moderne gresk brukar ein oftast digrafen ΣΤ, στ (sigma + tau) for talverdien 6.

Den latinske bokstaven F utvikla seg frå digamma.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg