Bokstaven sigma i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven sigma i det greske alfabetet i ulike skrifttypar

Sigma er den 18. bokstaven (Σ, σ / ς) i det greske alfabetet. Bokstaven svarar til s i det latinske alfabetet.

Sigma har to ulike former når han vert skriven i små bokstavar (minusklar): I starten av og inne i ord bruker ein σ, i slutten av ord bruker ein ς. Det er berre ein ortografisk konvensjon som har ingenting å seia for uttala.

Sigma har verdien 200 i det greske talsystemet.

I matematikken bruker ein stor (majuskel) sigma, Σ, som symbol for ein sum. I statistikk bruker ein liten sigma, \(\sigma\), som symbol for standardavvik. Når ein elles skriv minuskel sigma i matematikk, kjemi, astronomi og so vidare, nyttar ein forma σ, ikkje ς.

I seinantikken og tidleg mellomalder var den mest utbreidde utforminga av sigma Ϲ, ϲ (måneforma sigma eller månesigma). Denne varianten er opphavet til den kyrilliske bokstaven С, с. Trass i den grafiske likskapen har månesigma ingen historisk samanheng med den latinske bokstaven C, c, som derimot stammar frå den greske bokstaven Γ (gamma).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg