Buskrikse er ein middels stor tranefugl i riksefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Amaurornis moluccana
Beskriven av
(Wallace, 1865)

Vaksne hannar veg rundt 200 gram og hofuglane rundt 170 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, fuktig tropisk buskmark og overfløymd tropisk grasmark. Buskrikse lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), vekselvarme virveldyr og plantedelar som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

buskrikse
Amaurornis moluccana
Artsdatabanken-ID
175563

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg