Brunstrupeparakitt
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Brunstrupeparakitt er ein middels stor papegøyefugl i papegøyefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Eupsittula pertinax
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen er fuglen ca. 25 cm lang og veg rundt 89 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, og tørr tropisk buskmark.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

brunstrupeparakitt
Eupsittula pertinax
Artsdatabanken-ID
178922

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg