Bronsestjernestrupe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Bronsestjernestrupe er ein liten fugleart i kolibrifamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Heliomaster constantii
Beskriven av
(Delattre, 1843)

Som vaksen veg fuglen rundt åtte gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, plantasjar, tropisk fjellskog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Bronsestjernestrupe lever av nektar som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bronsestjernestrupe
Heliomaster constantii
Artsdatabanken-ID
177369

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg