Bronsebladhøne
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Bronsebladhøne er ein middels stor vadefugl i bladhønsfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Metopidius indicus
Beskriven av
(Latham, 1790)

Vaksne hannar veg rundt 180 gram og hofuglane rundt 280 gram.

Arten er knytt til ulike menneskeskapte akvatiske habitat, overfløymd tropisk grasmark og ulike våtmarkshabitat. Bronsebladhøne lever av plantedelar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i vassoverflata og på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bronsebladhøne
Metopidius indicus
Artsdatabanken-ID
175788

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg