Blåflekkskrike
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Blåflekkskrike er ein stor sporvefugl i kråkefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cyanocorax affinis
Beskriven av
Pelzeln, 1856

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang og veg rundt 210 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, tørr savanne, jordbruksland, og elvar og bekker. Blåflekkskrike lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

blåflekkskrike
Cyanocorax affinis
Artsdatabanken-ID
181835

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg