Bengaltrappe
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Bengaltrappe er ein stor fugleart i trappefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og på det indiske subkontinentet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Houbaropsis bengalensis
Beskriven av
(Statius Müller, PL, 1776)

Som vaksen veg fuglen rundt to kilo.

Arten er knytt til tørr og overfløymd tropisk grasmark. Bengaltrappe lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), vekselvarme virveldyr og frukt som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bengaltrappe
Houbaropsis bengalensis
Artsdatabanken-ID
175456

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg