Banansmett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Banansmett er ein liten sporvefugl i tanagarfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika, og på spreidde øyar i Stillehavet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Coereba flaveola
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.

Arten er knytt til sterkt endra tropisk skog, fuktig tropisk skog, mangroveskog, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Banansmett lever av nektar og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen.

Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 12 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Banansmett lever vanlegvis i rundt sju år, men enkelte individ kan bli opptil ni år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

banansmett
Coereba flaveola
Artsdatabanken-ID
185300

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg