Australglente er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Australia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Elanus axillaris
- Beskriven av
- (Latham, 1801)
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 250 gram og hofuglane rundt 290 gram.
Arten er knytt til dyrkbar mark, tørr savanne, tørr tropisk grasmark, og elvar og bekker. Australglente lever av små varmblodige dyr som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.